1036 Ganymed
Utsjånad
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | W. Baade |
Oppdagingsdato | 23. oktober 1924 |
Baneskildring | |
Epoke 22. oktober 2004 (JD 2453300,5) | |
Aphel | 611,961 mill. km (4,091 AE) |
Perihel | 184,434 mill. km (1,233 AE) |
Eksentrisitet | 0,537 |
Banehelling | 26,644 ° |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | 31,7 km |
Masse | 3.3 ×1016 kg |
2,0 g/cm³ | |
0,0168 km/s | |
0,4296 d [1] | |
Albedo | 0,17[2] |
- Må ikkje forvekslast med jupitermånen Ganymede.
1036 Ganymed er den største amor- og nærjordsasteroiden. Den vart oppdaga av Walter Baade 23. oktober 1924 og er namnsett etter Ganymedes, den trojanske prinsen som Zeus valde som munnskjenk for dei greske gudane.
Ganymed er omtren 32 km i diameter og er ein S-type-asteroide, noko som betyr at den har ei relativt reflektiv overflate og er samansett av jern- og magnesiumsilikat. Den er også ein marskryssar. I 1998 vart det gjort radarobservasjonar ved Aercibo-observatoriet som avslørte eit nesten rundt objekt.
Ein okkultasjon av ei stjerne av Ganymed vart observert frå California 22. august 1985.